Styrevervregisteret

For å styrke omdøme til kommunesektoren er det viktig å vere opne med kva for rollar einskildpersonar i kommunen, fylkeskommunen eller kommunale selskap har.

KS sitt Styrevervregister er eit web-basert register som skal gi deg denne oversikta.  Innsyn her er gratis og ope for alle, du kan inn og sjå kva verv og økonomiske interesser dei folkevalde, tilsette og styremedlemmer har.

Bykle kommune er tilknytta Styrevervregisteret .

Når Kommunestyret, Fylkestinget eller generalforsamlinga i ei kommunal verksemd har bestemt seg for å slutte seg til Styrevervregisteret, vert opplysningar automatisk henta frå Kommuneregisteret, Enhetsregisteret og Foretaksregisteret i Brønnøysund. I tillegg kan dei personane dette gjeld, sjølv legge inn relevant informasjon om andre rollar, verv eller interesser. Folkevalde og tilsette i kommunen er kjent med at deira namn, verv, eller stilling vert publisert i Styrevervregisteret.  

Vi gjør merksam på at det er den folkevalgte og den administrative leiar som sjølv har ansvaret for å legge inn sine eigne verv i registeret og for å halde det ajour.

 

Tett i tett

Kontaktinformasjon

Bykle kommune
postmottak@bykle.kommune.no 
T: 37938500 

 

 

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS