Bjørg Sissel i tunet

Tilskotsordningar - kultur

Kulturmidlar.
Bykle kommune har fleire tilskotsordningar for kulturelt arbeid. Den største og viktigaste er ordninga med kulturmidlar for friviljuge lag og organisasjonar som driv kulturelt arbeid innan kommunen eller er med i interkommunalt samarbeid. Bykle kommune har gjeve rause tilskot for å stø opp under dei ulike laga sin aktivitet slik at laga kan ha mest fokus på det som er laget sin aktivitet og mindre på korleis ein skal få pengar til drifta.  Les gjennom det elektroniske søknadsskjemaet for å sjå kva for opplysningar ein må skaffe til veie når ein skal søkje om kulturmidlar.  Søknadsfristen er 1. april. 

Bykle kommune sitt utviklingsstipend.
Bykle kommune har eit utviklingsstipend ein kan søkje på om ein er ungdom i alderen 16 – 21 år og held eit høgt nivå regionalt eller nasjonalt innan kulturelle uttrykk som musikk, dans, idrett, skrivekunst, biletkunst og liknande. Søknadsfrist kvart år 1. mars.

Kulturpris
Kjenner du til enkeltpersonar eller lag i Bykle som fortener kulturprisen? I så fall vert du oppfordra til å sende inn ditt framlegg. Bykle kommune ynskjer på dette viset å heidre personar eller lag som gjer ein ekstra innsats innan kulturelt arbeid. Frist til å kome med framlegg er 1. mars.




 




 




 




 




 




 




 




 




 




 




 

Kontaktinformasjon

Bykle kommune
Leif Kvinlog  -  
Rådgjevar skule/kultur

T: 90984833

leif.kvinlog@bykle.kommune.no
postmottak@bykle.kommune.no 


 

Søknadskjema for kulturmidlar
Frist 1. april kvart år

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS