Hovden er eit heilårleg reisemål og den største skidestinasjonen på Sørlandet. Både vinter og sommar er aktivitetstilbodet stort.

Reiselivsnæringa har eit betydeleg tyngdepunkt på Hovden og er den viktigaste vekstnæringa i kommunen. Både med omsyn til økonomi og ikkje minst sysselsetting, har reiselivsnæringa stor verdi også for verksemder ut over det som blir karakterisert som reine reiselivsbedrifter.

Destinasjon Hovden har ansvar for marknadsføring av reiselivsnæringa og ivaretek også vertskapsfunksjonen for Bykle kommune.

Turistkontoret på Hovden kan du få hjelp til det meste. Deira sider på internett inneheld informasjon om opningstider, prisar, aktiviteter, arrangement, vær- og føremelding og mykje meir.