Anders Martinsen fotografer

Utdanningsstipend og legat

Kommunalt utdanningsstipend
Ungdom og vaksne som er registrerte i Bykle folkeregister som tek fulltidsstudie på vidaregåande-,  høgskule- eller yrkesretta utdanning, kan søkje om utdanningsstipend.

Dei over 18 år må i tillegg til å vere registrerte, dokumentere 5 års samanhengande butid dei siste 5 åra i kommunen.  Lærlingar kan og søkje stipend for 1. året av kontraktstida på 2 år.  Stipendet blir annonsera i starten av kvart skulehalvår og har søknadsfrist:

1. oktober og 1. februar.

Legat etter Gyro og Knut Hovden
Elevar som er registrerte i Bykle, Valle og Bygland folkeregister som tek vidaregåande eller yrkesretta utdanning, kan søkje om legat.  Søkjarar som kan dokumentere slektskap inntil 3. ledd har førsteretten. Dersom ikkje, blir det loddtrekking. 

Legatet blir annonsera på slutten av skuleåret og med frist 1. mai.

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS