Vaksenopplæringa

1380467489287.jpg

Innafor dette tenesteområdet ligg:

Grunnskuleopplæring for vaksne
Du som er over skulepliktig alder og som treng grunnskuleopplæring, har rett til slik opplæring og kan få søke om dette i henhald til Opplæringslova § 4A-1. Opplæringa gjeld i dei faga du treng for å få vitnemål for fullført grunnskule for vaksne. Du har også rett på opplæring i grunnleggjande dugleikar om du treng det. Dei grunnleggjande dugleikane er å kunne:

  • lese
  • reikne
  • uttrykkje seg skriftleg og munnleg
  • kunne bruke digitale verktøy

Opplæringa skal tilpassast ditt behov. Det gjeld både omfang, lengde og tidspunkt for undervisninga. Vaksne skal ikkje plasserast i ordinære klassar saman med barn og unge.

Vaksenopplæring for framandspråklege flyktningar og familiegjenforeining.
Vaksenopplæringa i Bykle held til i næringsbygget i  Bykle, same hus som NAV. Her ivaretakast kommunen sine oppgåver på vaksenopplæringsfeltet ut i frå «Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrar» og Introduksjonslova. Hovudtyngda av dei som deltek på kurs er flyktningar og innvandrarar som lærer norsk og samfunnskunnskap. Målet er inkludering med vekt på førebuing til arbeid eller vidareutdanning. For flykningar, som kommunen busett og som deltek i introduksjonsprogrammet, er det nært samarbeid med NAV.

 

Kontaktinformasjon

Skulefagleg rådgjevar:
Leif Kvinlog
T: 37 93 86 13
M: 909 84 833
leif.kvinlog@bykle.kommune.no

 

Vaksenopplæring - framandspråklege:
Lærar: Kari Heim Pedersen
M: 91 33 63 00

Digital søknad for grunnskuleoppplæring for vaksne 

Det same søknadsskjemaet i pdf

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS