Vedtaket kan påklagast til Bykle kommune. Klagefrist er 3 veker rekna frå den dagen brevet kom fram til påført adressat. Det er nok at klaga er postlagt innafor denne fristen. Klaga skal sendast skriftleg til den som har gjort vedtaket. Oppgjev kva for eitt vedtak det vert klaga på. Gjerne med saksnummer, kva klaga gjeld, og grunn til at de meiner klaga må takast til fylgje.