Washington-Cider-Week.jpg                                                                                                                                                                                             

Søknaden 

  • Søknaden må leverast på eige skjema.
  • Driftskonsept, alkohollova og alokoholpolitiske retningsliner for Bykle kommune vert lagt til grunn for vurderinga.
  • Søknaden vert sendt politiet og skatte- og avgiftsmyndighetene for uttale.

Desse vedlegga skal følgje søknaden: 

  • Firmaattest for alle selskap som er involverte i drifta av skjenkestaden
  • Skatteattest for søkjar, eigar og andre med vesentleg innverknad over verksemda.
  • Målsett teikning over skjenkearealet, ute og inne. Barar skal vere markert på teikninga.
  • Dokumentasjon på at styrar og vikar for styrar er tilsette i verksemda.
  • Dokumentasjon på styrar og vikar for styrar sin kunnskap om alkohollova.

Løyveperiode
Skjenkeløyvet gjeld for 4 år, ein kommunestyreperiode, om ikkje anna vedtak er gjort gjeldande.

Søknad om skjenkebevilling i enkeltståande høve / ambulerande.

I kommunestyret 20. desember 2015, sak 179/15 vart alkoholpolitiske retningslinjer for Bykle, Bygland, Evje og Hornnes kommuner vedteke for perioden 2016 til 2020.