Overordna planar:
Kommuneplanen består av ein samfunnsdel og ein arealdel.  Arealdelen med føresegn og plankart ligg i Planinnsyn.

Kommunedelplan:
Kommunen har utarbeidd kommunedelplanar for delar av kommunen, og for ulike tema. Desse finn du på Planinnsyn

  • Kommunedelplan Midtregionen
  • Kommunedelplan Ski- og turløyper
  • Kommunedelplan Hovden 2013 - 2025 

Verneområde
Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde legg beslag på 58% av kommunen.  Verneforskrift og kart finn du på www.svr.no.  Skal det gjennomførast tiltak innafor SVR som krev dispensasjon frå verneforskrifta må du søkje i god tid, då søknaden skal handsamast både etter verneforskrifta i eit interkommunalt organ og i kommunen.  For Hisdal naturreservat, Lislevatn naturreservat, Hovden Landskapsvernområde og Vidmyr naturreservat, er det Fylkesmannen i Aust-Agder som har forvaltningsmynde.

Regionalplan
Bykle har over 70% av arealet sitt innafor Regionalplan for Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei - "Heiplanen" Planen avklarar veillreinens interesser i høve til anna arealbruk. For meir info sjå denne lenka. 

Kontakt oss om du ynskjer meir informasjon om oppstart av private reguleringsplanar, informasjon om sakshandsamingsprosessen eller vedtekne planar. 

Sakshandsaming av detaljreguleringsplanar er gebyrbelagt og satsane finn du i prislista for 2018