Det er mange menneske på fjellet påskeveka, og på Hovden vert folketalet mangedobla. God beredskap er ei viktig prioritering for Bykle kommune, og kommunen jobbar med anna målretta for etablering av ein luftambulansebase på Hovden.
 
Tysdag 16. april kl. 17-19 vert det informasjonsmøte på Hovden grendehus. Luftambulansen, lokale naudetatar og Bykle kommune orienterer om beredskapen i kommunen og kor saka om etablering av luftambulansebase står.
 
Bykle kommune håpar at mange kjem for å få informasjon om ei viktig sak.