Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Sigrid Bjørgum

Sigrid Bjørgum - no med folkehelse og landbruk att!

Rådgjevar kart og plan, folkehelse og landbruk

Sigrid Bjørgum – ein velkjent medarbeidar. Ho har no overteke landbruksoppgåvene att, med konsesjonslov og andre særlovssaker, tilskottsforvaltinga innanfor jord- og skogbruk osb., medan utmarkskonsulenten har 2-årig studiepermisjon. 

I tillegg har ho som tidlegare ansvar for overordna planlegging, kommuneplan, planstrategi, og  kommunedelplanarbeid innafor ulike tema, samd mykje innanfor vassdragsforvalting.

SVR og villreinen er eit tema Sigrid har vore dedikert til i mange år, og som ho vil halde fram med m.a. gjennom merkeprosjektet, Villreinsertifikatet og Hovdenuten-prosjektet.

Sigrid er og folkehelsekoordinator for Bykle og regionen sin felles representant inn i det fylkeskommunale folkehelsearbeidet. 

Bjørgum har ansvar for kart og kartverksdata, matrikkelføring og eigarseksjonering, koordinering av oppmåling, matrikkelføring og anna i lag med interne og eksterne medhjelparar. 

Tips ein ven Skriv ut
Publisert | Oppdatert 19. august 2019