Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Jorunn Andersen

Jorunn Andersen - overtek oppgåvene knytt til Miljøfyrtårn i Bykle

Informasjons- og servicetorget i kommunen

Informasjons- og servicetorget i kommunen er vårt frontline i høve å serve innbyggjarar og andre. I tillegg til sentralbord, ligg mottaksfunksjonar, arkiv, kommunikasjonsoppgåver, møtesekretariat, ein del sakshandsamingsoppgåver og mykje anna til avdelinga.

Jorunn møter du ofte i sentralbordet. I tillegg arbeider ho mellom anna med kommunale avgifter, opplysingar om eigedomar m.a. til meklarar, og mykje anna. I desse dagar tek ho og over oppgåvene med å følgje opp Milljøfyrtårn-ordninga og kommunen si sertifisering. Ho kan og formidle informasjon til verksemder som ønskjer å vurdere sertifisering m.v.

Tips ein ven Skriv ut
Publisert | Oppdatert 26. september 2019