Bykle kommune har fulgt Helsedirektoratets tilrådingar og hatt besøksforbod med inngangskontroll på sjukeheim sidan midten av mars. Tiltaka som blei iverksatt tidleg ved Bykle sjukeheim, har ført til at det så langt ikkje har hatt koronasmitte på sjukeheimen.

Bykle kommune forheld seg til råd frå helsesmyndighetar ved utforming av retningslinjer. Den 6. mai kom Helsedirektoratet med ein rettleier for korleis besøk i institusjonar kan handterast, samstundes som smittevern ivaretakast. Pårørende kan møte sine nærmaste utandørs, eller i rom til besøk, og smittevernråd skal ivaretakast. Bykle sjukeheim opnar for besøk av pårørande onsdag 13.05.20.

Ei oppmjukinga av tilrådingar og tiltak, kan føre til auka smitterisiko, og det kan bli aktuelt å innskrenke høva til besøk, om smittesituasjonen endrar seg.

 

Tiltak for besøk ved Bykle sjukeheim:
 

1.   Er du fri for luftvegsinfeksjon symptom, kan det verar høve for at du kan avtale besøk.

2.   Du må på førhand avtale dag og klokkeslett.

3.   Det er ynskjeleg at besøket blir lagt til virkedagar, men det kan verar høve for besøk på helgedagar.

4.   Me ynskjer at det ikkje kjem meir enn 1-2 personar  

5.   Pasient/bebuar og besøkande skal desinfisere hender før og etter besøk, og halde minst 1 avstanden til pasient/bebuar og tilsette

6. Besøk må gjerast i avsette lokale/område

7.   Det er ikkje høve for pårørande å gå inn i avdelinga eller til bebuar rommet, eller i dei andre områda inne i institusjonen.

8.   Pårørande med luftvegssymptom eller stadfesta Covid-19, samt dei som er definerte som nærkontakt eller i karantene etter utanlandsreise, skal ikkje besøke Bykle sjukeheim.

9.   Om du blir sjuk og det blir påvist Covid-19 smitte i etterkant eit besøk på sjukeheimen, pliktar du å opplyse institusjonen om påvist smitte.