Kultur og fritid har fått i oppdrag å legge fram ei sak for handsaming i kommunestyret om ein “bygdebuss” mellom Bykle og Hovden for bedre transporttilbod i kommunen. Det er ynskjeleg å avdekke konkrete behov og ynskjer for persontransport hjå ungdom og eldre, lag- og foreningar, pendlarar, næringsliv og ellers internt i kommunen. Ein ynskjer at dette skal bidra til å knyte busette i alle aldersgrupper i Bykle og Hovden meir saman, stimulere til busetjing i Bykle, gje ein miljøgevinst, samt redusere behovet for duplisering av enkelte kommunale tenester. Data vi får inn gjennom denne kartlegginga, vil vere med på å danne grunnlaget for tilbod som blir foreslått å gå vidare med. Saken skal seinare handsamast i kommunestyret.

Skjema

SVARFRISTEN ER 15. JUNI