Formålet er å sikre drift av idrettsinfrastruktur, det vil seie avhjelpe det som blir ekstraordinære driftskostnader på grunn av straumprisane i tilknytning til snøproduksjon. Støtta skal gjelde frå 1. oktober i år til 1. mai neste år. Eit vilkår er at det ikkje kan hentast ut utbyte frå verksemda. Hovden skisenter må sikre opningstider slik at elevane på skigymnaset får nok tid til trening - og det er eit krav om at anlegget skal halde ope for kveldskøyring minst ein dag i veka.

2 mill. til utsette innbyggjarar

Eit samrøystes kommunestyre sa ja til kommunedirektør Karina Sloth si innstilling om å sette av 2 mill. kr. i ein pott til å styrke privatøkonomien til utsette innbyggjarar. Ordninga gjeld frå 1. oktober i år til 1. juni neste år. Ei eventuell vidareføring blir ikkje avgjort før etter ei evaluering av ordninga. Den evalueringa skal gjennomførast innan 1. mai neste år. I møtet torsdagskvelden sa også dei folkevalde ja til at Bykle kommune går inn som partnar i EU-søknaden "Grøn Jyllandskorridor2, med atterhald om at prosjektet er i tråd med Bykle kommune sine ynskje.