Open basseng og badstoge torsdagar (familiebading)

Oppstart i Bykle samfunnshus veka før haustferien, så sant vi
får tak i badevakter.
Torsdagar f.o.m. 26. september kl. 16.30 – 19.00.
Program:
Kl. 16.30 – 17.30: Familiebading; bading / leik for alle
Kl. 17.30 – 17.45: Svømming (svømmemerker, svømmetrening)
Kl. 17.45 : Alle under 16 år må opp av bassenget
Kl. 18.00 – 19.00: Vaksensvømming (f.o.m. 16 år)
Vatnet held ca. 28 grader.
Retningslinjer:
1. Alle skal vaske kroppen med såpe, utan badetøy, før ein går i vatnet. Bruk kun badetøy i bassenget.
2. Barn under 10 år må vere i fylgje med føresette og er føresette sitt ansvar. Barn som ikkje kan symje må fylgjast av ein
vaksen.
3. Det er ikkje lov å stupe frå land eller springe på land.
4. Unødig uro, herjing, dårlig oppførsel er ikkje lov.
NB: Eventuelle endringar/avlysing på kort varsel, blir informert om på Facebooksida «Bykle kommune».
Vil du vere badevakt?
Du må vere over 18 år og ha livredningskurs. Vi arrangerar kurs i løpet av hausten, som vi dekkar dersom du forpliktar deg til
20 badevakter. Det blir også betalt honorar på kr. 550,- pr. vakt.

: Bykle samfunnshus
Tid: torsdag 24. oktober