Både i Hovden sentrum, Bykle sentrum og ved aldersheimen blir det flaggheising klokka 08. Folketoget stiller seg opp ved Bykle samfunnshus klokka 11. Då går toget rundt nedre Sarv, til aldersheimen og tilbake til samfunnshuset.

Matsal og leikar

Det er i Bykle samfunnshus festen skal gå føre seg 17. mai. Matsal og aktivitetar blir det frå 11.45, før programmet på aldersheimen tar til klokka 12.30. Frå klokka 14.30 er det kulturprogram i samfunnshuset. Der blir det korpsmusikk, helsing frå ordføraren og ikkje minst utdeling av kulturpris og utviklingsstipend. Mohammad Bazou har tale for dagen, og det blir fleire musikalske innslag.

Festgudsteneste

Som avrunding på ein innhaldsrik dag blir det skipa til festgudsteneste i Bykle kyrkje klokka 17.30. Der blir det samling i kjellaren etterpå med enkel servering. Den som treng skyss frå Hovden til Bykle med retur etter kulturprogrammet må melde frå til informasjonen i Bykle rådhus innan fredag 13. mai. Då kan ein nytte dette telefonnummeret: 37938500