Ambulerande skjenkeløyve til lukka selskap tildelast privatpersonar, dvs. søkjarar utan alminneleg løyve.
Dette kan vere til tilstelningar som bryllaup, konfirmasjon, åremålsdag og tilsvarande arrangement.

Det vert gjeve løyve for gruppe 1,2 og 3. Slike løyve vert vanlegvis gjevne i kommunale forsamlingshus.

Bruk kommunens elektroniske søknadskjema

Skjenkeløyve for eit enkelt høve må knytte seg til ei bestemt hending og det må tildelast løyve for kvart enkelt arrangement.

Utifrå vedtekne alkoholpolitiske retningsliner så vert søkjarar med alminneleg løyve frå før, eller som har røynsle frå utøving av alminneleg løyve føretrekne. Det kan gjevast løyve for alkoholhaldig drikk gruppe 1.2 og 3.

Bruk kommunens elektroniske søknadskjema

Desse søknadene treng ikkje politisk handsaming, men vert handsama administrativt fortløpande. Krav til kunnskapsprøve gjeld ikkje ved tildeling av løyve for eit enkelt høve etter § 1-6 andre ledd og ambulerande løyve etter § 4-5.