Bykle kommune følgjer nasjonale tilrådingar og tiltak

Skal du ha eit arrangement, sjå nettsida til kommunen du oppheld deg i for å sjå om kommunen har fleire eller strengare tiltak enn dei nasjonale råda og reglane.

Det kan også vere lokale reglar for serveringsbransjen.

Dersom din kommune ikkje har innført lokale tiltak,  er det nasjonale tiltak og reglar som gjeld og dei finn dykk her.

 

Krav til arrangør - frivillig registering av arrangement

Mykje er annleis i år og det er grenser på kor mange som kan vere samla. Heldigvis er det mogeleg å feire, markere og møtast dersom vi følgjer dei råd og restriksjonar som er gjevne. 

Ansvarleg arrangør skal sørgje for at avstandsavgrensingane og andre smittevernreglar blir overhaldne, samt ha oversikt over kven som er til stades (namn, telefonnummer, epost).

Vi oppmoder til ei frivillig registering av planlagte arrangement i Bykle kommune. Arrangør blir oppmoda om å makulere namnelistene etter 14 dagar.