Opningstider

 

Bykle

Hovden

Måndag

10.00 – 16.30

08.00 - 21.00

Tysdag

Stengt

08.00 - 21.00

Onsdag

13.00 - 15.00

08.00 - 21.00

Torsdag

10.00 – 16.30 

08.00 - 21.00

Fredag

Stengt

08.00 - 16.00

Laurdag/sundag

Stengt

Stengt

Biblioteket på Hovden har redusert opningstid i skulens ferier, og begge biblioteka held sommarstengt fem veker på sommaren.


Meiropent bibliotek

Biblioteket i Bykle er meiropent. Det vil sei at ein kan bruke biblioteket utanom opningstid, alle dagar mellom kl. 7 og kl. 23*. Personar som går i 8.klasse og eldre kan inngå avtale.
 Avtale for personer under 16 år - Avtale for personer over 16 (vaksne)
*Meiropent er stengt 5 veker på sommaren.

 

Bibliotektenesta:

Vi har eit godt utval av bøker, lydbøker, tidsskrift og filmar. Du kan søkje i bibliotekets katalog her. Finn du ikkje det du er ute etter, kan vi bestille frå andre bibliotek (fjernlån).
Du kan også søkje i Biblioteksøk og sjølv tinge bøker o.a. om du har nasjonalt lånekort og pinkode.
Bøker lånt på Bykle folkebibliotek kan leverast på andre bibliotek. Vi returnerer også gjerne bøker du har lånt på andre bibliotek.
Biblioteket samarbeider med Det flerspråklige bibliotek, og kan bestille bøker på ei rekke andre språk. Vi får da ei pakke bøker som vi kan låne ut til innbyggjarar over ei periode. Ta kontakt viss du ønskjer bøker på ditt språk. 
 

Lånekort:

Alle over skulepliktig alder kan få lånekort. Du kan velje mellom lokalt lånekort som berre kan brukast hos oss, eller Nasjonalt lånekort som kan brukast over heile Noreg, og som også gir tilgang til mange digitale teneste. Kontakt biblioteket for å få lånekort.

 

E-bøker og e-lydbøker:

Last ned appen BookBites og få tilgang til ei stor mengde e-bøker og e-lydbøker. Fungerer på iOS- og Android-plattformar, diverre ikkje datamaskinar. Logg inn med Nasjonalt lånekort og PIN-kode. 
 

Filmbib:

Filmbib lar deg låne norske filmar frå biblioteka i Noreg. Logg inn med Nasjonalt lånekort og PIN-kode. 
 

Digitale basar:

På biblioteket får du tilgang til følgjande databaser:
Atekst
PressReader
Idunn
Nasjonalbibliotekets digitale avisteneste
 

Datamaskin:

Begge biblioteka har ei datamaskin til gratis bruk for alle.
 

Aviser:

Begge biblioteka har avisene Setesdølen og Fædrelandsvennen som kan lesast i lokala. Vi har fleire tidsskrift.
 

Boksirkel:

Biblioteket arrangerer boksirkel på biblioteket på Hovden ein måndag i månaden, kl. 19-20. Sjekk Byklaren eller biblioteket si Facebookside for informasjon om neste månad. Alle er velkomne.
 

Facebookside:

Følg gjerne Bykle folkebibliotek på Facebook.