Då blir det full fyr i ei hytte i Remestøylsflotti hyttegrend.

- Me tar til øvinga kring klokka 17, og er ferdige om lag klokka 21, seier varabrannsjef Olav Nese.

Det er snakk om ei fullskalaøving med både sikring og røykdykking. Det betyr at om ein ser utrykningsbilar og mykje lurveleven på Hovden torsdag 19. mai, så treng ein altså ikkje uroe seg!