Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Brukarstyrt personleg assistanse

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

Er du sterkt funksjonshemma eller har eit langvarig og stort behov for praktisk og personleg hjelp i dagleglivet, har du rett til brukarstyrt personleg assistanse (BPA).

Personleg assistanse omfattar praktisk bistand og opplæring og støttekontakt. Retten til avlastingstiltak gjeld for personar med foreldreansvar for heimebuande barn under 18 år med nedsett funksjonsevne.

Innanfor det timetalet du får tildelt, kan du i prinsippet styre kven du vil ha som hjelpar(ar) og kva assistentan(e) skal gjere. Målet er at du skal ha eit mest mogleg aktivt liv.

Målgruppe

  • Personar med eit samansett og omfattande behov for tenester og som er i stand til å rettleie assistenten (ta arbeidsleiarrolla). 
  • Personar som ikkje kan ta vare på denne rolla sjølv, som personar med psykisk utviklingshemming 
  • Familiar med barn med nedsett funksjonsevne

Kriterium/vilkår

Personar som ikkje kan dra omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie gjeremåla i dagleglivet.

aaa
Lover og forskrifter

Dette er ei lovpålagd teneste etter helse- og omsorgstenestelova og pasient- og brukarrettslova. Sjå blant anna

Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 og § 3-8
Pasient- og brukarrettslova § 2-1a og 2-1d

Lover

Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven

Retningslinjer

Brukerstyrt personlig assistanse (rundskriv fra 2000)

Brukerstyrt personlig assistanse (rundskriv fra 2005)

Rett til egen tros- og livssynsutøvelse

Rettighetsfesting av brukerstyrt personlig assistanse (BPA) (I-9/2015)

___
Skjema

Rettleiing - korleis få utført

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om personleg assistanse, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkommande ha fullmakt.

Saksbehandling

Saksbehandling

Før saka kan bli avgjort, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærmare. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast.Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka send vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Kontaktinformasjon

Kontaktpersoner

Navn:Ragnhild Hoslemo
Tittel:Tenesteleiar Pleie- og Hjelpetenesta
Telefon:37 93 86 53
Mobil:473 54 904
Epost:ragnhild.hoslemo@bykle.kommune.no
Andre opplysningar
Oppdatert:
2018-12-10 12:33