Bykle kommune har for sal 14 einebustadtomter i Hartesyni bustadfelt. Tomtene er markert i terrenget med tomtenr og vegnamn. Tildeling av bustadtomter skjer etter vedtekne retningslinjer. Dersom det er fleire søkjarar til ei tomt, og vilkåra elles er like, skjer tildeling etter loddtrekning.

Søknadsskjema, tomtekart og reguleringsbestemmelsar m.m finn du som vedlagte dokument. Priser, avgifter og tilskottssatsar gjeld for 2018, og kan bli endra i samband med handsaming av budsjett for 2019.

Søknad sendast  Bykle kommune, Sarvsvegen 14,  4754 Bykle eller på epost til postmottak@bykle.kommune.no

Søknadsfrist: 15.11.2018

Rådmannen