Bykle alders- og sjukheim er ein sjukeheim med 10 plassar og aldersheim med 14 plassar. Tildeling av plass vert gjort kontinuerlig, ved behov. I nemnda sitt tilsynslegen, pleie- og omsorgsleiar og avdelingssjukepleiar.

Tenesta har tilbod om langtidsplass, kortidsplass, avlastningsplass for dei med særleg tyngande omsorgsoppgåver, dagplass og nattplass. Dei som har trong for plass søkjer om dette på eige søknadsskjema for pleie- og omsorgstenester.

Andre servicetilbod frå Bykle alders- og sjukeheim:

  • Tryggleiksalarm er ei teneste som er ivareteke av Bykle kommune. Alarmen går til vaktromet på sjukeheimen som rykkjer ut til reelle alarmar. Alarmen er eigd av Bykle kommune og er ei gratis teneste.
  • Kjøkkenet leverar middag til heimebuande som har trong for det etter søknad. Levering er tysdag og fredag.
  • Heimevaktmester kan ein søkje om og få innvilga etter ei konkret vurdering. det vert gjeve hjelp til oppgåver som er nødvendig for at ein kan bu heime, t.d. skifte av lyspærer, batteri i brannalarm, oppsetting av handtak, snørydding med meir.  Betaling etter eigne satsar. 
  • Hjelp til vedlikehald og enkel reperasjon av hjelpemiddel er gratis.
  • Det vert ikkje gjeve hjelp til plenklypping, hagestell med meir. Ein oppmodar om at dei som har behov for slik hjelp å tinge andre til dette.
  • Tenesta har knytt til seg frisør og fotpleiar, og dette tilbodet er ope for alle som er brukarar av tenestene etter bestilling.