Avdelingane er romslege og innhaldsrike, og innbyr til ulike aktivitetar og mykje leik og læring.
Barna har ein stor leikeplass å utfalde seg på. Uteområdet har både naturtomt og opparbeida leikeareal, med mellom anna snikkarbod, leikestove og kunstgrasbane. Jordbæråkeren og ripsbuskene, blåbærlyng og moltemyr, gjer haustane særleg søte og gode.
Barnehagen har også ei årestoge som ligg like i nærleiken. Om vinteren vert det oppkøyrd akebakke utanfor årestoga.
Vi nyttar biblioteket, gymsalen og symjehallen som ligg i gåavstand til barnehagen, og kulturskulen gir oss tilbod om musikk, leikarring og eventyrstunder.
Dei eldste barna, kompisane, har månadlege turar/aktivitetar med kompisane i Fjellgardane barnehage, i tillegg til eige opplegg i barnehagen.
Slik søker du
Søknadsfrist er 1. mars. I tillegg har me opptak heile året (supplerande opptak), då gir me plass til barn når det er ledig.
For å søkje må du logge deg inn på Visma Flyt Barnehage sin foresattportal. Der får du beskjed om kva for opplysningar som skal laggast inn.
NB! Du må og logge deg inn i foresattportalen for å takke ja til eit tilbod innan 14 dager. Om ikkje kan du miste plassen.
Slik svarar du på tilbod
Du må logge deg inn på foreldreportalen for å takke ja til tilbodet innan 14 dagar. Om ikkje kan du miste plassen.
Slik seier du opp barnehageplass
Om du skal seie opp ein barnehageplass er det alltid greit for barnehagen at du er tidleg ute og gir muntleg beskjed. Skriftleg oppseiing sendast i foresattportalen. Hugs at barnehagane har oppseiingstid. Sjekk vedtektane om du er usikker.
Moderasjonsordningar
På sida til Utdanningsdirektoratet kan du sjå meir om foreldrebetaling og moderasjoner HER.