Bykle Frivilligsentral starta opp i oktober 2018. Harald von Krogh Alstad er tilsett som dagleg leiar, og har kontor mellom NAV og Vaksenopplæringa i Bykle. Frivilligsentralen skal samarbeide med offentlege instansar og frivillige organisasjonar for å initiere, mobilisere og samordne frivillig aktivitet. Målsetninga er å vere ein stad der folk møtast til ein prat; ein naturleg plass for å utveksle hjelpe-kvarandre-tenester.

Bykle Frivilligsentral opnar frivilligkaféen «Kafé for alle» i det nye vaksenopplæringsbygget på måndag 12. november. I samarbeid med Sjukeheimen held kaféen opent kvar måndag frå kl. 11.00 til kl. 15.00.

Bykle frivilligsentral har saman med Bykle IL planlagt byttedag på Bykle samfunnshus 15. november kl. 18.00-20.00, og samarbeid med Hovden Sportsklubb vert det byttedag på Hovden Grendehus 17. november kl.12.00-14.00.

Dersom du ønskjer meir informasjon om Bykle Frivilligsentral så kan du take kontakt med dagleg leiar Harald von Krogh Alstad på telefon 917 18 300 eller e-post harald.von.krogh@bykle.kommune.no

Følg Bykle Friviligsentral på Facebook!