Så er det framleis uklart kva tid og om det kjem flyktningar til Bykle kommune. Væting er i alle fall klar. 36-åringen kjem frå Hovden, og kjenner difor lokale forhold godt.

- No skal me halde fram arbeidet med å førebu kommunen så godt som råd til å ta imot flyktningar. Viss dei kjem, skal me gjere det me kan for at dei skal ha det greitt her, seier Væting.

Stillinga ho har teke til i, er eit engasjement på eitt år.