Folkehelsebarometeret er delt inn i 5 ulike tema: Befolkning, Oppvekst, Levekår, Miljø, skader og ulukker, Helserelatert åtferd og helsetilstand. Kommunale nøkkeltal gjev moglegheit til å samanlikne Bykle sine tal opp mot fylket, og heile Noreg.

Tabellen viser at Bykle ligg godt an på veldig mange av områda vi blir målte på. Samtidig har vi innan for kategori "Oppvekst og levekår" område der vi ligg signifikant dårlegare an enn landet elles. Oversikta manglar ein del data på ungdomsnivå. Årsaka er at talla for Ungdata-undersøkinga i 2019 er for små til at dei kan offentleggjerast.

Folkehelsebarometeret vil bli lagt til grunn for arbeidt med å vidareutvikle kommunen sitt folkehelsearbeid i 20/21.
 

Bykle, den 24.08.2020
 

Med venleg helsing
 

Folkehelsekoordinator                                                Kommuneoverlege
Anna Lise Væting                                                       Maren Østvold