Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Kulturskulen

Kulturskulen

Bykle kommune sitt utviklingsstipend


Bykle kommune v/formannskapet kan kvart år dele ut utviklingsstipend til utøvarar på høgt regionalt eller nasjonalt nivå innan kulturområdet som musikk, dans, idrett, skrivekunst, biletkunst og liknande. Alder for å kunne søkje dette stipendet er frå 16-25 år, (ein kan søkje frå det året du fyller 16 år). Ein søkjer sjølv, eller det laget ein høyrer til kan fremje forslag.
SØKNADSFRIST ER 1 MARS.

RETNINGSLINJER FOR UTVIKLINGSSTIPEND:

1. Bykle kommune v/formannskapet kan kvart år dele ut utviklingsstipend på høgt regionalt eller nasjonalt nivå innan kulturområdet. Til dømes innan musikk, dans, idrett, skrivekunst, biletkunst og liknande. Dersom ein ikkje finn kandidatar på tilstrekkeleg nivå, blir stipendet ikkje utdelt.
2. Stipendet kan tildelast inntil tre mottakarar. Kvar mottakar får 25 000 kr i utviklingsstipend.
3. Målgruppa for utviklingsstipendet er kandidatar mellom 16-25 år. ( Du kan søkje det året du vert 16 år).
4. Stipendet kan normalt tildelast inn til 3 gonger. Ein må vere aktiv og vise til presentasjonar for kvart av åra ein søkjer.
5. Utviklingsstipendet kan tildelast personer som er fast busette i Bykle kommune.
6. Kandidatar til utviklingsstipendet kan søkje sjølve, eller den organisasjonen/laget som tek vare på kulturinteressa til utøvinga, kan fremje forslag til kandidat/-ar.
7. Søkjaren må gjere greie for kva stipendet skal brukast til. Dokumentbare utgifter som er knytt til kulturaktiviteten, slik som treningsavgift, kjøp av utstyr, eller reiser for å utøve aktiviteten er døme på bruksområde for stipendet.
8. Utviklingsstipendet vert delt ut utan omsyn til mottakaren sin økonomi.
9. For idrettskandidatar skal forslag om tildeling leggjast fram for Bykle Idrettsråd for uttale.
10. Søknad/nominasjon må sendast til Bykle kommune innan 1. mars kvart år.


Revidert 2021, saksmappe 2021/231

Kontaktinformasjon

Tenesteleiar kultur og fritid
Helga Jacobsen
M: 452 73 218
E: Helga.jacobsen@bykle.kommune.no

Meir informasjon

Publisert | Oppdatert 15. april 2021