Det er Pressens offentlighetsutvalg og Kommunal Rapport som står bak undersøkinga. I oversikta for Agder ligg Bykle kommune inne på ein 5. plass med 14 av i alt 20 oppnåelege poeng. I undersøkinga har ein sett på alt frå korleis ein handterer krav om innsyn til postlister, kommunale dokument og det meste som handlar om informasjon. Med ein 5. plass i Agder, Lillesand ligg på topp, kan ein slå fast at her er mykje bra - men ein kan stadig bli betre.

Resten av dalen

Dei andre kommunane i dalen er plassert slik på Agder-lista:

Bygland 10. plass med 13 poeng, Evje og Hornnes 15. plass med 11 poeng og Valle 22. plass med 8 poeng.