Bykle kommune tilrår bruk av munnbind for å forhindre smittespreiing i situasjonar der 1 meter avstand er vanskeleg å halde eller ikkje kan haldast på følgjande sett. Til dømes i butikkar,  bensinstasjonar, serveringsstader (når ein ikkje sit ved bordet) og andre fellesområder innandørs.

Tilråding gjeld ikkje personar under 12 år, eller for dei som av medisinske årsakar ikkje kan bruke munnbind.

Bykle kommune gir denne tilrådinga på grunn av påvist smitte av mutert virus som breier om seg og som smittar lettare enn tidlegare.  Kommunen mottar mange tilreisande som kjem frå ulike kommunar og det gir auka risiko for smittespreiing. Ved bruk av munnbind reduserer vi risiko for å smitte kvarandre slik at opphaldet i kommunen blir tryggast mogleg.  

Vis god smitteåtferd.

HALD AVSTAND - VASK HENDER - HALD DEG HEIME VED SJUKDOM - AVGRENS ANTALL KONTAKTAR UTANFOR HUSSTANDEN

Unngå å stimle saman i flokkar i sentrum eller ved skisenter. Ein tilrår også at berre ein frå husstanden går på butikken og handlar.

Ved symptomer på Covid-19 skal du testast - på kvardager kontakt Hovden legekontor tlf 37 93 86 80

Her kan du sjå korleis du skal bruke munnbind

Personvern - SMS-varslingar frå Bykle kommune