Då har Bykle kommunestyre gjennomført sitt første heil-digitale møte. Teknologien førte representantane saman frå kvar ein krok i kommunen!

Ordførar, kommunedirektør og kommuneoverlege informerte om kva som er gjort i høve korona-empedemien i Bykle.

Kommunestyrerepresentante ga brei tilslutning til korona-orienteringane, gjennomføring av tiltak og leiinga av arbeidet så langt.  Det kom og ein del innspel til vidare arbeid.

Kommunestyret fann møteforma så god - at dei gjekk for å gjennomføre neste ordninære kommunestyremøtet komande torsdag som planlagt.

Forbodet mot å møtast fysisk er ikkje til hinder for Bykle kommune - Vi har tatt eit nytt digitalt-steg i kveld! 

DÅ er det og på sin plass og skryte av Setesdal IKT!! - Som i tillegg til å serve ufatteleg mange heimekontor for tida, og sytte for at alle i kommunestyret kom på lufta. Tusen takk!!


Opptak frå møtet