Det er per no om lag 160 km langrennsløyper køyrt opp i Bykle kommune. Skispor snør som dei fleste veit ikkje ned frå himmelen ferdig preppa - det ligg mykje innsats bak den høge kvaliteten på løypene øvst i Setesdal. Rundt om langs løypene er det no sett opp skilt med informasjon om det frivillige løypebidraget.

850 kr. per hytte eller leilegheit

På Hovden.com står det at det er eit ynskje om at alle som nyttar løypenettet betalar minst 850 kr. per hytte, hus eller leilegheit for sesongen 2022/2023. For dei som er på besøk og nyttar løypene men ikkje har eigen bustad i kommunen er det opp til den enkelte kva ein betalar inn.

- Somme velforeiningar har inkludert løypebidraget i sin kontingent. Det er ei god løysing, og noko me håpar fleire foreiningar vil gjere. Bykle kommune har ansvar for mykje, men det seier seg sjølv at me kan ikkje ta på oss alt. Løypekøyring kostar over fem mill. kr. i sesongen. Løypebidraga i år bør vere minst like store som i fjor, seier ordføraren.

I sesongen 2021/2022 kom det inn 1,1 mill. i løypebidrag.

Den som vil betale frivillig løypebidrag kan gjere det via Vipps på nr 78203 eller ein kan betale inn via bankkonto 30003770970