Dagaktivitettilbod på Bykle sjukeheim

Dette er ei gratis teneste, men ein må betale for middag/lunsj og kaffi.

Kommunen kan syte for skyss til og frå for dei som ynskjer det.
For å tinge skyss og mat må du ringe kjøkkenet på Bykle sjukeheim tlf. 46841051

Frisør

Det kjem frisør ei gong i månaden som ein kan nytte seg av. Pr. i dag er det fyrste onsdagen i månaden. 

Ynskjer du time, kan du bestille ved å ta kontakt med aktivitetsleiar Bente Trydal.

Fotterapeut

Fotterapeut kjem ei gong i månaden etter avtale. Tilbodet om forterapeut er open for alle. 

Ynskjer du time, kan du bestille ved å ta kontakt med aktivitetsleiar Bente Trydal.

Andre tilbod

Andakter

Prest og organist kjem annakvar onsdag kl. 12.30 på Bykle sjukeheim.

Konserter

Konsertar og andre arrangement på Bykle sjukeheim blir annonsert i Byklaren og på heimesida.