Vegard Vatnedalen i Bykle kommune er nøgd med interessa.

- Så blir det spennande å sjå kva to namneforslag som vinn "finalen", smiler han.

Finalen er beint og greitt kommunestyret, som skal ha siste ord i saka. Dei to forslaga som fekk flest røyster blir no sende til dei folkevalde, som må velje ein vinnar. Det skjer truleg under kommunestyremøtet 29. september. Den som kom med vinnarforslaget kan vente seg ein premie. Har fleire kome med same forslag blir det loddtrekning.