- Me er så takksame for måten Bykle kommune og folk her har teke imot oss. Alle er så blide og snille, seier Anastasia Krupinova.

Ho flykta frå Dnipro saman med to slektningar, og er altså no trygt plassert i Bykle.

- Det er så fint her, og me har fått greie hus å bu i. Det er godt å vere litt mindre redd, seier ho stille.

Utan å mase om detaljar er det klårt at det som har skjedd og skjer i Ukraina er noko av det verste eit menneske kan oppleve.

Periodar utan kontakt

Flyktningane har naturleg nok familie tilbake i Ukraina. Det er krevjande.

- Spesielt sidan me ikkje alltid får kontakt med dei. Telefon og nett blir øydelagt, eg gjekk ein periode på over 10 dagar utan å få eit ord med nokon av dei. Då blir det ekstra vanskeleg, seier Natalia Davydenko.

Ingen av dei veit kor lenge dei må bli i Bykle.

- Me er i alle fall veldig glade for å kjenne oss trygge, og her er så mange som vil hjelpe. Det er stort, og me ynskjer å takke både Noreg og folk i Bykle. Så håpar me at krigen snart tar slutt, for me vil jo helst heim att, seier flyktningane.