Det var stufullt i grendehuset då arrangementet tok til, og i matsalen kunne altså folk benke seg med smakebitar av mat frå heile kloden. Ikkje nok med at det var mange spennande smakar, det var mat nok til å mette heile bygda! Folk storkoste seg, noko bileta i dette oppslaget skulle vise til fulle. Bykle folkeakademi i samarbeid med Bykle kommune skipa beint og greitt til ein festkveld i Hovden grendehus!