Endringa på 20 cm i mønehøgde er etter kommunens vurdering ei mindre vesentleg endring som i liten grad vil påverke gjennomføringa av planen, eller går ut over hovudrammene i planen. Endringa har heller ikkje konsekvensar for omsynet til viktige natur- og friluftsområder, jf plan- og bygningslova § 12-14.  

Før kommunen gjer vedtak i saka føreleggjast denne aktuelle partar. Du som er part i saka kan kome med ein uttale om ynskjeleg. Uttale til endringa skal sendast Bykle kommune innan 02.11.2017

Uttale skal sendast skriftleg til Bykle kommune, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle eller til postmottak@bykle.kommune.no. Oppgjev saksnummer 17/1329.

Med venleg helsing
Rita Regbo  -  Plansjef

M +47 91 63 04 11 | E Rita.Regbo@bykle.kommune.no