Registreringa kan gjerast enkelt frå mobiltelefonen

Registreringa er gratis, og Mattilsynet har utvikla eit enkelt mobiltilpassa skjema til formålet. I skjemaet registrerer du vassforsyningssystemets plassering ved å markere staden i eit kart, og det er berre nokre få tilleggsspørsmål som det skal svarast på.

 

Mange fordelar med å registrere vassforsyningssystemet

Kommunen får tilgang til den registrerte informasjonen frå Mattilsynet. Når kommunen har oversikt over den geografiske plasseringa til dei ulike vassforsyningssystema, kan kommunen bruke denne informasjonen. Oversikta vil vere uunnverleg når kommunen legger planer for bruken av areala rundt brønnen og brønnområdet, og gjer det mogleg å vurdere omsyn til drikkevasskjeldene på eit tidleg tidspunkt. 

 

Drikkevatnet skal vere trygt – også frå små vassforsyningssystem

I januar 2017 kom ny drikkevassforskrift, som sette tydelegare krav til trygt drikkevann også frå små vassforsyningssystem. Kravet om at alle vassforsyningssystem skal vere registrerte står i drikkevannsforskriften § 17. Ein presis definisjon av kva eit vassforsyningssystem er kan du lese i drikkevannsforskriften § 3, bokstav k. Informasjon til de minste vannforsyningssystemene gir nyttig informasjon som er spesielt berekna for små vassforsyningssystem.

 

Har du spørsmål til registreringen? Ta kontakt med Mattilsynets sentralbord på 22 40 00 00, og spør om å få tale med di lokale avdeling