Vaksine og vaksinasjonsdag er ei hending vi har venta på i snart 300 dagar, sidan strenge og krevjande tiltak vart innførte i Bykle kommune den 12.03.20.

Tysdag 05.01.21 kom dei første dosane med Covid-19-vaksine til Bykle kommune. I første omgang er vaksinen tilgjengeleg for bebuarar på Bykle sjukeheim. Det er i dag sett 6 dosar av vaksinen Comirnaty frå BioNTech og Pifzer. Det er for augneblinken ikkje meldt om nokon biverknader av vaksinen.

Bykle kommune følgjer dei nasjonale prioriteringane for kven som får høve til å vaksinerast først.

Vi er i dag svær glade på vegner av bebuarar på Bykle sjukeheim. Dei er blant dei som er mest sårbare og kan utvikla alvorleg forløp ved Covid-19. Vaksine mot Covid-19 er ein merkedag på Bykle sjukeheim.