Planforslaget legg til rette for at «hotellkrysset» ved Rv 9 / Skisentervegen kan utbetrast til rundkøyring. På sørsida av Rv 9 vert det lagt til rette for etablering av fjellredningssenter, herunder brannstasjon og garasjeanlegg for løypemaskinar. Det er sett av areal til beredskapsbase, inkl overnatting for Raudekrossen. Størstedelen av parkeringsplassane skal vere offentlege. Hovudskiløype med planfri kryssing under Rv 9 og Skisentervegen er regulert inn. Gangvegar i tilknytting til krysset vil vere i plan med rundkøyringa. Planen omfattar omlegging av VA-leidningar og framføring av ny kraftline (i bakken). Nokre hytter vil bli sannert for å gi plass til rundkjøring/løypeundergangar, og det er avsett område for erstatningstomter i planområdet.
Planen berører tilgrensande reguleringsplanar med veg og trafikkføremål også på vestsida av riksveg, overlappande areal vil bli avløyst gjennom den nye planen.


Plandokumenta, samt tekniske planar, ligg vedlagt lenger ned på sida. 


Frist for å kome med merknader til planforslaget er 25. januar 2019. Evt. merknader sendast Bykle kommune, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle, eller postmottak@bykle.kommune.no