Kommunestyret i Bykle har i møte 29.08.2019 vedtatt «Detaljplanregulering av H2 og H3, Hovden aust, planid 201703» med heimel i plan- og bygningslova §§ 12-12 og 12-14.

Planen inneber fortetting innaføre grøntområda og eksisterande fritidsbustader med inntil 43 nye einingar, samt ny gjennomkøyringsveg. Planen legg til rette for at stien til Hartevassnuten vert opprettheldt, men lagt om litt mot Marnarvegen.

Vedtaket kan påklagast til Bykle kommune for dei som er part i saka eller har rettsleg klagerett. Klagefrist er 23. september 2019. Klaga skal sendast skriftleg til Bykle kommune, SARVSVEGEN 14, 4754 Bykle eller postmottak@bykle.kommune.no. Oppgjev saksnummer, kva klaga gjeld, og grunngjeving for klaga. Klaga må vere motteke innan klagefristen, og ho må vere underteikna, jf forvaltningslova § 32.

For fleire opplysningar og relevante plandokument i saka, sjå Bykle kommune si heimeside eller ta kontakt med informasjonen.