I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 blir detaljregulering av Hovden Høyfjellssenter, planID 201805, lagt ut til høyring og offentleg ettersyn etter handsaming i planutvalet den 03.02.2020 med følgande vedtak:

 

Vedtak:

  1. Med heimel i plan- og bygningslova § 5-2 og § 12-10 vert detaljregulering for Hovden høyfjellssenter lagt ut til høyring og offentleg ettersyn, med følgande tillegg:
     
  2. Før planen leggast ut på høyring må følgande endringar gjerast:
  1. Rekkefølgjekrav i § 3.3, 3.4, samt eigne krav til teknisk plan og til etablering av teknisk infrastruktur og grønstruktur samlast i eigen paragraf.
  2. For å heimle bidrag til opparbeiding av skibru og rundkøyring innarbeidast rekkefølgjekrav for tiltaka som formulerast med «sikrast gjennomført»
  3. Det innarbeidast maksimalt tal på einingar for alle felt i § 3.6.
  4. Utgreiing for flaum skal leggast ved til offentleg ettersyn.

3.  Ein tek sikte på å oppheve delar av følgjande gjeldande reguleringsplan for Hovden del 2, planid 199701, vedteken 10.09.1997, inkludert alle seinare planendringar, og tilhøyrande føresegner, ved godkjenning av detaljregulering for Hovden høyfjellsenter med planid 201805.


Formålet med reguleringa er auke utnytting, regulere om delar av området til private fritidsbustader og vidareføre næringsformål med utleigehytter på resten av området. I tillegg avsettast areal til skiløype langs Skisentervegen, samt park og leikeplass innanfor området. Skiløypa kan fungere som turveg på barmark.

Detaljreguleringa er i tråd med overordna planverk.

Plankart med føresegner og planomtale, og andre sentrale dokument i saka, er å finne på kommunens heimeside; www.bykle.kommune.no

Merknader til reguleringsarbeidet kan sendast til Bykle kommune, innan 27. april 2020.

Adresse: Sarvsvegen 14, 4754 Bykle

E-post: postmottak@bykle.kommune.no

Sakshandsamar er Anne S. Lislevand, anne.saether.lislevand@bykle.kommune.no