I medhald av plan- og bygningslova § 12 – 10 vert detaljregulering for Dyregrenda sør, med planID 201902, sendt ut på høyring og offentleg ettersyn. Saka vart handsama 1. gong i planutvalet den 02.03.2020, sak 38/20, med følgjande vedtak:

 

I medhald av PBL § 12-11 vert forslag til reguleringsendring for Dyregrenda sør (planID 201902) lagt ut til høyring og offentleg ettersyn når naudsynte endringar, som omtalt i saksutgreiinga, er tilfredsstillande innarbeidd. Plansjefen får fullmakt til å godkjenne endringane, før planen bli lagt ut.

 

Forslagsstillar fremja planforslag som vart handsama av Planutvalet 15.05. 2019, med vedtak om utlegging på vilkår av justeringar på ulike tilhøve. Forslagsstillar motsette seg utlegging med vedtekne endringar. På bakgrunn av synfaring og dialog mellom forslagsstillar og administrasjonen, har forslagsstillar no kome med nytt planforslag som følgjer saka. Basert på dette vart det fremja ny 1. gongs handsaming.

 

Planen legg ikkje til rette for fortetting (nye einingar), men er meint som ei oppdatering av den gamle reguleringsplanen. Endringane i forhold til den gamle planen går i hovudsak ut på oppdatering av vegar, endring av tilkomst/avkøyrsler, justering av formål og noko endring av høgder og grad av utnytting, samd opning for frittliggjande eller samanbygd garasje/bod for fritidsbustadane.

Ved endeleg vedtak av ny plan vil denne avløyse den gamle planen for Dyregrenda sør (planID 200912).

 

Merknader til reguleringsendringa kan sendast til Bykle kommune innan 06.05.2020.

Adresse: Sarvsvegen 14, 4754 Bykle

e-post: postmottak@bykle.kommune.no