I medhald av plan- og bygningsloven § 12 – 10 blir detaljregulering for Dyregrenda sør, planID 201902, sendt ut på ny høyring og offentleg ettersyn. Bakgrunn for dette er at det har kome inn nye moment i saka. Endringane går i hovudsak ut på ny vegtilkomst til fleire hytter innanfor planområdet. Følgjande vedtak blei gjort i planutvalet den 22.06.20, sak 111/20:

 

Vedtak:

I medhald av plan- og bygningslovens § 12 – 10 blir detaljregulering for Dyregrenda sør, med planID 201902, sendt ut på høyring og offentleg ettersyn, med desse endringane:

Plankart:

  • Ny vegtilkomst til gnr./bnr. 2/1/119 ,2/1/112, 2/1/104 og 2/872, samt ny tomt for fritidsbustad, som synt i figur 8 i saka.
  • Regulere inn vegtilkomst til 2/1/106

 

Føresegner:

  • Tillegg til § 1 formål med planen: tilkomstveger
  • Nytt punkt § 3.7: For alle formål utenom byggeområder, og der byggegrense ikke er angitt er denne sammenfallende med formålsgrense
  • Endring av § 4.2.2 generelt, frå F8 – 3 enheter til F8 – 4 enheter
  • Tillegg til § 4.2.3 Høyder (bygg, murer) over ferdig planert terreng: Mønehøgde 6 m for teig F4.

Vegtilkomst til gnr./bnr. 2/1/106 skal ikkje vinterbrøytast

 

Parkeringsplassen P3 gjeld berre for F9.

 

Merknader til planforslaget kan sendast til Bykle kommune innan 06.08.20. Adresse: Sarvsvegen 14, 4754 Bykle. E-post: postmottak@bykle.kommune.no