I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 blir detaljregulering for 1/33 Breivevegen 115 med planID 202009, lagd ut til høyring og offentleg ettersyn etter første gongs behandling i planutvalet den 07.06.21, sak 113/21.

Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for hytte med tilhøyrande platting og bod på tomt med gnr./bnr. 1/33. Planlagde reguleringsformål er fritidsbustad.

Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast til Bykle kommune, Sarvsvegen Sarvsvegen 14, eller postmottak@bykle.kommune.no, innan 18.08.2021.

 

Forslagsstillar har gjort merksam på at det i saken er gjort ein feil. Planutvalet vedtok maks m2 BYA for platting 40 m2, i tråd med dispensasjon som tidlegare er gjeve. Forslagsstillar meiner plattinga det tidlegare er gjeve dispensasjon til er på 60 m2. Dette vil bli tatt opp til ny vurdering ved 2. gongs handsaming og endeleg vedtak i saka.