Planforslaget syner 70 nye einingar, fordelt på 60 enkelthytter og 5 doble hytter, pluss auke med 6 nye einingar ved endring av enkle til doble hytter i gamal plan. Til saman ei auke på 76 nye einingar. Innaføre området vert det totalt 231 hytteeiningar, pluss ein bustad.

Plandokumenta, samt tilleggsdokument slik som vegprofilar, snitt, 3D-modellar og skredrapport ligg som vedlegg til artikkelen.. Plandokumenta vert også lagt i papirutgåve på Turistkontoret på Hovden og på rådhuset i Bykle. 

Det vert halde eit informasjonsmøte på Hovdetun (møterom 2.etasje) måndag 21. august kl 12.00

Ein gjer merksam på at det er sett ut stikk i marka for nye vegtraséar (oransje stikk) og nye hyttetomter (raude stikk). Det inneber at ubebygde, evt litt endra tomter som er heimla i gamal plan, ikkje er merkt. 

Frist for å kome med merknader til planforslaget er 30. august 2017.  Evt. merknader sendast Bykle kommune, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle, eller postmottak@bykle.kommune.no