Planutvalet vedtok i møte 15.10.2018 at detaljregulering for Hagemo, planid 201404, kunne leggast ut til høyring når det var fastsett kotehøgde for ubebygde tomter. Planutvalet sitt vedtak er no innarbeidd i planen.

Formålet med planen er å vidareføre intensjonane i disposisjonsplanen, samt opne for fortetting av feltet med 6 nye fritidsbustadar.

Frist for å kome med merknader til planforslaget er 1. desember 2018.  Evt. merknader sendast Bykle kommune, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle, eller postmottak@bykle.kommune.no