I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 blir detaljregulering for Hartoll setergrend, planID 201311, lagd ut til høyring og nytt offentleg ettersyn etter handsaming i planutvalet den 03.02.2020 med følgande vedtak:

Vedtak:

  1. Med heimel i plan- og bygningslova § 5-2 og § 12-10 vert detaljregulering for Hartoll setergrend lagt ut til høyring og offentleg ettersyn.
     
  2. Ein tek sikte på å oppheve deler av reguleringsplan for Hartevasstrondi hyttefelt, planid 200610, vedteken 24.05.2012, og tilhøyrande føresegner, ved godkjenning av detaljregulering for Hartoll setergrend med planid 201311.

    Planutvalet ser at auka tal på hytter sørover frå Hovden forsterkar behovet for gang-sykkelveg langs Rv 9. Utvalet ber om at det blir starta planlegging av g/s-veg, og at dette blir teke opp med Statens vegvesen.

    Planutvalet ber om at planen blir korrigert med parkeringsareal 2X20 pr eining


Formålet med planarbeidet er å regulere inn fritidsbustader med tilhøyrande infrastruktur. Planen var på offentleg ettersyn våren 2016. Statens vegvesen aksepterte ikkje ein ny tilkomst frå riksveg 9 på denne strekninga. Planen er no endra slik at tilkomsten til det nye hyttefeltet blir frå den eksisterande tilkomsten til Hartevasstrondi hyttefelt. Planområdet er difor noko utvida.

Planen er i samsvar med kommuneplanens arealdel når det gjeld formål, men det tillatast noko høgare mønehøgde for å få ein betre tilpassing til terreng.
Plankart med føresegner og planomtale, og andre sentrale dokument i saka, er lagd ut på rådhuset i Bykle kommune.

Merknader til reguleringsarbeidet kan sendast til Bykle kommune, innan 19. april 2020.
Adresse: Sarvsvegen 14, 4754 Bykle
E-post: postmottak@bykle.kommune.no

Sakshandsamar er Anne S. Lislevand, anne.saether.lislevand@bykle.kommune.no.