I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 blir detaljregulering for utviding av Vestheisen lagt ut til høyring og offentleg ettersyn etter første gongs handsaming i planutvalet den 07.12.2020, sak 214/20. Planutvalet fatta følgjande vedtak:

Detaljregulering for utviding av Vestheisen vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn når planen er endra i samsvar med planutvalets vedtak.

Følgjande punkt vert tatt opp til drøfting og vedtak:

  1. Gjeld parkering. 90 graders parkering for nye leilegheitsbygg langs Hovdenutvegen vert endra i samsvar med saksframlegget. Plansjefen tilrår primært at all parkeringa langs vegen vert tatt ut, og fortauet flytta over på nordsida av vegen. Sekundært at det kan etablerast langsgåande parkeringsplassar langs vegen inntil fjellet, men at fortauet vert flytta over på nordsida.
  2. Gjeld tilhøva for førebyggande brannberedskap. I samarbeid med Setesdal brannvesen IKS må planen omarbeidast i slik grad at han ivaretar tilstrekkeleg brannførebyggjande tiltak. Det gjeld td å sikre god nok manøvrerings- og oppstillingsplass for brannbil i sentralområdet, og planering for oppsett av brannstige på nordsida bygga.
  3. 50 % av einingane er tilrettlagt for utleige


Plankart med føresegner og planbeskriving, og andre sentrale dokument i saka, er lagd ut på heimesida til Bykle kommune, www.bykle.kommune.no under kunngjeringar. Ein gjer merksam på at det er lagt ut to alternativ til parkeringsløysing langs vegen. Det er ynskeleg med attendemelding på desse.  I høve til brannberedskap i pkt. 2. er det lagt inn føresenger som skal ivaretake dette, pkt. 1.6, 2.2.8 og 4.

Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast til Bykle kommune, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle, eller postmottak@bykle.kommune.no innan 6. mai.