I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 blir detaljregulering for Kotetjønnkollen og Langehaugen med planID 202008 lagd ut til høyring og offentleg ettersyn etter første gongs handsaming i planutvalet den  28.06.2021, sak 128/2021.

Føremålet med planen er å legge til rette for eit nytt hyttefelt og fortetting med frittståande einingar på sjølveigne tomter. Planen legg opp til ca. 87 fritidsbustadar, av desse blir 32 tomter vidareført frå eksisterande reguleringsplanar. Det vil seie at det kjem 55 nye tomter.

Detaljreguleringa er i tråd med overordna planverk.

Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast til Bykle kommune, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle, eller postmottak@bykle.kommune.no, innan 27.08.2021.